Spillanmeldelse – Blast Corps til N64

En ofte glemt liten perle i N64 biblioteket

blast_corps_na_ingame4

 Blast Corps til Nintendo 64

Sjanger : Action/Puzzle

Utgitt : 1.september 1997

Utviklar: Rare

Ca. verdi: Rundt 100 for berre kasett PAL

Inleiing :

 

Kjenner du igjen denne?
Kjenner du igjen denne?

I ein spelbutikk i London raska eg med meg dette spelet og ein haug med andre N64-spel. Eg bestemte meg for å reise til denne spelbutikken 2 timar før flyet mitt skulle gå, og med 1 time samla køyretid med taxi til butikken. Eg fekk 3 minutt inne på butikken. I hovudet mitt innbilte eg meg at dette var eit Rare-spel. Eg spurte butikkeigaren, han rista på hovudet. Han kunne tydeligvis ikkje stressa «Thor Heyerdal»-engelsk kombinert med rabies-liknande slev i munnviken.

No set eg i Noreg med 30 varmegrader i skuggen. Eg trur eg testar spelet!

Historie/Handling :

Den skumle rød lastebilen
Den skumle rød lastebilen

Nokon har tydeligvis bestemt seg for å frakte ei særs skummel atombombe i ein lite beskytta lastebil. Den har òg ein kritisk feil, den kan ikkje svinge! Då er det opp til Blast Corps og ordne opp! Du må knuse, mose og sprenge alt i vegen. I same slengen må du òg finne alle Albert Einstein-aktige forskarane som kan hjelpe deg å desarmere den djupt inni eit fjell. Kan du klare det?

Anna enn det, svært lite historie, her skal det knusast, ikkje forteljast!

Gameplay :

Du skal spele alle slags rare oppdrag som skal hjelpe lastebilen til sin destinasjon. Her har vi alt frå reine knuse-oppdrag til rallykøyring i rein Micro Machines-stil.

Du går frå oppdrag til oppdrag rundt omkring på jordkloden. I kvar bane får du lett beskjed om kva du skal gjere, men ikkje så mykje meir info. Kvar bane kan du velje/bytte ei rekke ulike framkomstmiddel:

Introskjermen
Introskjermen

 

«Transformers»-robotar

Anleggsmaskiner

Racingbilar etc.

Alle dei ulike maskinene har sine eigenskapar, og sitt bruksområde. Dette er eit klassisk: Learning by doing. Du blir som regel berre kasta rett uti det og må prøve å lage veg for lastebilen med atomvåpenet på. Til tider rasande festlig!

Spelet byr på stor variasjon og har du lært deg ein ting, så må du raskt gjere det på ein annan måte i neste bane.
Etter du har geleida lastebilen til sin destinasjon under svært hektiske tilstandar, får du moglegheit til å spele bana på nytt. No kan du ta deg god tid, luske rundt, og gjere det Rare vil helst du skal gjere: Samle alt. Knuse alle bygningar, samle alle lys, finne hemmelige doktorar, hemmelige antenner og liknande. Det her er eit Rare-spel, sjølvsagt må du finne ting! Alt i din søken etter alle hemmeligheitane og gullmedaljane!

 

Tips :

Cart
Cart

Om du kjøper spelet brukt og nokon har gjort alle banene for deg, gjer følgande: Sett spelet i konsollen (sjølvsagt).

Hald inne START-knappen og skru på konsollen. Du vil då bli ført umiddelbart i lagringssystemet og kan resette spelet. Ikkje ha i eit memory card når du gjer dette.

Eit anna tips er å ikkje spele dette spelet for seint på kvelden, du kan raskt bli setande der.

Grafisk fremstilling :

Grafikken er sjølvsagt veldig N64: Klumpete, men likevel vakker. Dette er absolutt ikkje av det verste du kan finne på denne konsollen! Grafikken er sjølvsagt 3D og med kameravinkelen stort sett ovanfor deg. Dette for å få eit betre overblikk. Det største her er uansett gameplayet, grafikken får dei nye konsollane mase om!

Ingame
Ingame

 

 

Lyd og Musikk :

Incoming robot!!
Incoming robot!!

Musikken er svært variabel. Frå meir litt kjedelig bakgrunnsmusikk til det episke. Nokon av banene har valt songar som minner svært om andre Rare-spel som Diddy Kong Racing & Banjo Kazooie. Episke banjosoloar som sjølv Banjo-Kari vil misunne (gamal referanse). Lydeffektane er stort sett eksplosjonar og motorbrøl. Heilt greitt. Spelet har heldigvis unngått å lage for mykje bråk.

Dama som skal geileide deg seier nesten kvart oppdrag:
«Go for it!» Eg blir så sjukt gira av den dama der!

 

Konklusjon :

Her reddes vitenskapsmenn over en lav sko
Her reddes vitenskapsmenn over en lav sko

For å vere noko eg på tre minutt raska med meg, så er dette uhorvelig moro! Banene kan vere alt frå vanskelige til berre rein og skjer moro. Variasjonen i banene er også enorm og eg fann meg sjølv i å spele det spelet her alt for mykje.
Det einaste eg har å pirke på er at kameravinkelen kan vere irriterande når du skal utforske store området. Vanskelig å vite om du flyg i ein vegg eller faktisk er på rett spor. Kartet der du veljer banene er òg usannsynlig aids å manøvrere seg gjennom. Du finn deg sjølv i å gå i feil retning på kartet altfor ofte. Men, om du kan sjå forbi eit par småfeil her og der, så er verkelig det her underholdning for pengane! Kan òg anbefale dette spelet saman med nokon, sjølv om det er enplayer!

Seriøst, alle saman av det mannlege kjønn synes å knuse ting + motoriserte fartøy er morosamt. Nok sagt!

 Karakter : 8 av 10 eksplosjonar!!!!

Hell Yeah!!
Hell Yeah!!



Posted

in

by

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *