Spillanmeldelse – Donkey Kong 64

Buster jr. er tilbake i storform og skal dele inntrykk etter å ha tilbrakt noen timer sammen med de bananfråtsende heltene på Donkey Kong Island.

Donkey_Kong_64_alle apene

Donkey Kong 64 til Nintendo 64
Sjanger : Plattformer
Utgitt : 6.desember 1999
Utviklar: Rare
Ca. verdi: Rundt 200 for berre kasett PAL.

Cart
Cart
Boksen slik den så ut når den ble solgt i Norge
Boksen slik den så ut når den ble solgt i Norge

Innleiing :

Eg har vage minner om dette spelet. Eg hugsa eg fekk låne det ei helg, og forstod og fekk til lite. Det var stort og uoversiktlig. 11 år gamle meg gløymte raskt dette spelet. 26 år gamle meg derimot, er viljug til å gi spelet ein ny sjanse!  Kva elles skal ein vase vekk over rundt 25 timar på?

En eksklusiv DK64 kontroller
En eksklusiv DK64 kontroller

 

Historie/Handling :

Det er roleg på DK Isles. Alle berre kosar seg og livet er fint etter alt rabalderet i Donkey Kong Country-serien. Men, i kulissene luskar sjølvsagt skurken K. Rool.
Før Donkey Kong får tenkt seg om er bananane og venane hans borte. Utanfor øya til Donkey står skipet til skumle K. Rool. Og der byrjar eventyret. Donkey må sjølvsagt saman med venane sine rydde opp i saka.

DK Island i all sin prakt
DK Island i all sin prakt

Noko djupare går ikkje denne historia, og det treng vi heller ikkje.

 

Gameplay :

Dette er ein klassisk plattformer. Om du har spelt Super Mario 64 eller Banjo Kazooie, så er dette svært likt. Du går i frå verden til verden og og klarer ein boss i kvar verden.
Kvar verden har noko for kvar karakter i spelet. Etter kvart som du spelar så vil du få fleire kompisar til Donkey Kong. Det er til saman 5 ulike spelbare karakterar. Dei har alle ulike svakheiter og styrker.

Spillets artigste boss i rullemodus
Spillets artigste boss i rullemodus
Ennå en fantasifull boss
Ennå en fantasifull boss
Spillets artigste boss
Spillets artigste boss

Men, så byrjar problemstillinga. Berre å forklare dette spelet gjer meg til dels sjuk i hovudet:
På kvar bane skal kvar karakter samle store «golden bananas». Kvar karakter skal òg samle: Bananmyntar, små bananar, bananmedaljar, multimyntar, fe-ar, upgrades, sjeldne myntar, teikningsbitar, nøklar og så vidare. Dette spelet er ikkje noko for dei med intense tvangstankar eller som lid av eit sjukdommen: «Eg skal berre». Du blir lett sitjande timesvis berre å finne alt og samle alt du snublar over.

Tips:

1. Dette spelet bruker N64 sin expansion pack. Det må du ha for å få spelt dette spelet.

Expansion Pack
Expansion Pack

2. Eg brukte ein overhalt N64-kontroll. Altså, ein kontroll med ein betre joystick som er lik Gamecube sin joystick. Men, eg fekk mange problemer. Eg gjekk til slutt over til ein kontroll med svært dårlig joystick. Då blei det betre, men karakteren vandra ofte omkring. Eg trur dette er det mest følsomme N64-spelet. Ha ein god og original kontroll (om dei finst).

3. Ta det me ro. Lær deg kontrollane og få tak i dei andre Kongane. Så bruker du lang tid på dei første bretta. Etter det treng ikkje du samle alt du kjem over. Spelet er mogleg å klare utan kvar den minste banan etc.

 

Grafisk fremstilling :

Dette er etter mi erfaring noko av det beste som N64 har å by på. Ingen skodde, lite problemer med «slowdowns» og generelt lekkert. Mykje av dette er grunna Rare si evne til å utnytte hardwaren til det maksimale. Områda er til tider gedigne og med svært mykje detaljar, fiendar og strødd med gjenstandar. Eg stoppa ofte opp og berre nyte kor svært dette spelet føltes. Verkeleg ein bragd heile spelet! Kvart brett har òg sitt unike og morosame design. Og dette blir nydelig kombinert med musikken.

Den pene utsikten i spillet
Den pene utsikten i spillet
Den pene utsikten i spillet
Den pene utsikten i spillet

 

Lyd og Musikk :

Musikken er variert i frå brett til brett. Musikken har eit tema som passar perfekt til kvart brett og får deg til å leve deg inn i temaet til bretta.
Lydeffektane er også noko av det beste N64 har å tilby.
Karakterane har òg sin unike framtreden og karakteristiske lydar. Ingen av lydane blir brukt for mykje og du får raskt din favoritt. Ingenting er betre enn Lanky Kong sine lydar når han daskar dei slemme skurkane. Eller kanskje Tiny Kong sin «wiiiiii» når ho svingar seg rundt i rommet. Dette spelet er perfekt på lyd og grafikk.

Konklusjon :

Korleis kan du ikkje like eit gedigent spel med nydelig grafikk? Og korleis kan du ikkje like Rare?

Jo, absolutt, det kan du. Men, blei dette litt for mykje av det gode?
Eg fann meg sjølv i å bli sprø av dette spelet. Etter å ha samla 37 teikningsbitar, 169 gullbanar, tusenvis småbananar, 20 bananmedaljar, 6 gullkroner, alle moglege rare upgrades så kom eg meg til siste bana. Og der mangla eg sjølvsagt ein N64-mynt. Så det var ikkje nok å samle ein million ting, eg må også ha ein N64-mynt?

Må finne alt.......
Må finne alt…….
Må finne alt.......
Må finne alt…….
Må finne alt.......
Må finne alt…….

 

DK kabinett
DK kabinett

Etter litt forsking fann eg ut at eg måtte klare 4 baner i det legendariske gamle spelet Donkey Kong (åjada, det er også pakka inn i dette spelet). Eg er ingen king of Kong, så det blei rikelig brøling, banking i bord og med mitt velkjende sitat: «Er det mogleg?». Men fy fasan, det var godt då eg klarte det.

Dette spelet hadde vore perfekt om det faktisk var mindre. Mindre samleobjekt og eit betre system for å bytte mellom dei 5 ulika karakterane.

Men iblant må du kanalisere din yngre versjon. Fisk fram 11 år gamle Buster. Han fekk ca. 2-3 spel i året av foreldra sine. Dette spelet hadde han fått til jul. Han hadde grene litt, men kosa seg i lang, lang tid. Han hadde gledd seg til kvar ledige spelstund og å samle fleire myntar og anna rusk. Buster 11 år hadde nemlig like store tvangstankar som Buster 26. Han hadde nok banka opp familiekatten under den sagnomsuste N64-mynten, men han hadde nytt kvart einaste sekund. Dette spelet er bra og får meg til å sakne det Rare stod for før det blei rævkjørt og øydelagt av Microsoft.

 

Karakter : 8 av 10 bananar!!

 

Yumm Yumm!!
Yumm Yumm!!

Posted

in

by

Comments

2 responses to “Spillanmeldelse – Donkey Kong 64”

  1. Guyra Avatar
    Guyra

    Nice! Hadde faktisk litt dårlig inntrykk av dette spillet, men nå tror jeg at jeg må skaffe meg det. :)

    1. Jan Olav Hegvik Avatar

      Det er frustrerende moro :D

Leave a Reply to Guyra Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *