Spillanmeldelse – Teslagrad

Da er jeg tilbake, denne gangen er det et meget anbefalt DLC spill på Wii U som jeg ønsker å dele mine opplevelser og inntrykk av under gjennomspillingen jeg gjorde nylig.

Første bilde

Teslagrad spilt på Wii U

Sjanger: Sidescrolling puzzle platformer.

Utgitt: 11. September 2014

Utviklar: Rain Games

Ca. pris: Rundt 100,- for elektronisk versjon

Teslagrad er også utgitt på : PC,Mac & Linux plattformer og er på vei til PS Vita, PS3 og PS4

Innleiing :

Den siste tida i livet mitt har vore eit absurd vakuum. Eg jobbar, trenar og driv på med ymse. Men, eg har følt at eg ikkje har følt noko nytt og unikt i livet mitt. Som ein ihuga Nintendo-mann har nyhende vore lite av og lite som fanga meg. Netflix er full av den same driten du har sett før, og på fjernsynet er det berre Storage Wars eller eit eller anna overdramatisert oppgulp.

Men, så fann eg deg!

Vakkert
Vakkert

Historie/Handling :

Du ser ein far som leverar frå seg ungen sin ein regntung kveld. Han går sin veg i strid. Tida går, sesongane endrar seg, men ingen far kjem attende.

Plutselig har den vesle guten blitt eldre og saman skal dykk leite etter far. Meir vil eg ikkje seie i riket Teslagrad. Teslagrad skal oppdagast bit for bit av deg sjølv. Ingen YouTube-video eller anmelding kan gi rettferdigheit for opplevingane framføre deg! Historia vil nemlig brodere seg utover etterkvart som du spelar, som små hint eller regelrette skodespel. Kos deg!

Gameplay :

Sidescrolling puzzle platformer. Der har du Teslagrad i eit nøtteskal. Det går i frå dei enkle manøvreringane, nøtter som du verkeleg må tenke deg om både 3-4 gongar til flaggermusskit galskap (fornorsking av batshit crazy).Det er nemlig variasjonen som er nydelig. Ei stund må du vere millimeterpresis, mens på andre kan du berre hoppe av garde.
Etter kvart som du kjem deg lengre i spelet vil du opne opp nye eigenskapar og verkty i din veg. Namnet Teslagrad er absolutt ikkje tilfeldig. Dei fleste av dine eigenskapar går ut på å manipulere med hjelp av magnetiske eigenskapar. Du er sannelig ein elektrisk og fantastisk gut i dette spelet.

Gameplay
Gameplay
Gameplay
Gameplay

I enden av kvar «større» seksjon du har klart, vil du òg møte ein stor og skummel boss. Her kan eg ikkje seie noko anna enn at mange vil nok få assosiasjonar til gamle NES-spel og kor

Boss
Boss

tøffe dei kan vere mot psyken din!

For kvar «rute» du kjem inn i, vil det bli ditt lagringspunkt. Og dette er nydelig. For du vil drepe denne vesle guten, mange, gongar! Då er det perfekt å starte opp igjen i same rute klar for å tenke ut løysinga på nytt. Men sjølv om du vil døy mange gongar, så er det stort sett din feil. Det er ikkje designen av spelet eller kontrollane som er skulda. Det er din eigne inkompetanse.

Tips: Rundt omkring i spelet ligg det små sikringar/batteri. For all del, prøv å få med deg så mange som mogleg. Ta deg tida til å pønske litt ekstra for å få has på dei. Dei ligg ikkje rett framføre snyteskaftet ditt, men dei blir viktige etter kvart.

Grafisk fremstilling :

Du store alpakka! Vi alle veit at WiiU ikkje er den kjappaste traktoren i tunet, men her har Rain Games forstått det. Stilen er i teikneserie-stil og rett og slett vakker. Det er så mange

Vanvittig pent
Vanvittig pent

detaljar, finurlege ting og skjønnheit. Stilen er ein slags: Landet Noreg har samkvem med steampunk, Disney & ein god porsjon Tintin. Så danderer du alt det her med gotiske slott som ei ramme. Då har du borne i Teslagrad.

I ei viktig scene i spelet vil du stå på toppen av slottet og sjå utover horisonten. Då la eg frå meg kontrollen og berre måpte. Min betre halvdel kom inn døra og såg meg med kontrollen i skrittet og med munnen open. Ho spurte kva i alle dagar eg dreiv på med, og eg svarte for første gong i mitt TV-spel liv: «Eg spelar ikkje, eg berre nyt utsikta.»

Det er òg veldig få «slowdowns» i spelet, berre når du entrar eit nytt og større område. Då stoppar spelet litt. Og det er greitt, takk gud for ingen lade-tid!

Lyd og Musikk :

Så kjem du til eit viktig poeng i mitt liv. Tesla er ein flott bil og ser lekker ut. Men, det einaste du høyrer er ei mild summing, etterfølgt av fisinga til den pompøse sjåføren. Tesla er pornografi utan lyd. Heldigvis har Teslagrad forstått dette. Musikken er så fin at eg har iblant berre latt menyen stå på i bakgrunnen. Så har eg tusla rundt på hybelen min og filosofert ut vindauget. Musikken er vakker der den må vere vakker, skummel når det må til, men iblant er det òg svært stille. Dette kunne fleire teke notis på. Eg følte meg rett og slett åleine og småredd i seksjonar av spelet. Eg ville kome meg vidare og redde dagen.

Gameplay
Gameplay

Eg vil faktisk ikkje gå meir inn på musikken, dei som står bak denne er sanne artistar. Eg blir berre ein klovn som prøver å setje ord på musikk. Eg skal halde truten min.
Lydeffektar i spelet er òg godt utførte, men ikkje så markante. Dei ligg og lurar i bakgrunnen for atmosfære og signal.

Konklusjon :

Eg tek rett og slett av meg hatten for dette spelet. Eg har 20-30 hattar i skåpa mi, og i dag vil eg ta av meg anten min skreddarsydde flosshatt eller kardinal-hatten min kjøpt i Vatikanstaten. Det fortenar dette spelet.

Oleg
Oleg

Eg veit at det finst rikelig med anmeldingar der ute som lovpriser dette spelet, men for meg blei det rett og slett nødvendig. Etter å ha fullført spelet måtte eg starte på nytt. Det er ikkje ofte det skjer. Det einaste trekket eg gir er grunna at eg i grunn ikkje er nokon god gamer. Eg slo mykje meg sjølv i andletet og sofaen iblant. Nokon av utfordringane er verkeleg til å bli gråhåra av. Bossen Oleg vil i all framtid vere definisjonen på ein ufin type. Oleg er «Flytevest-Arne» i spelform. Ein ufin sint nisse som nektar å gi seg.

Det andre eg òg vil piske Rain Games for er kvifor finst ikkje dette i fysisk form? Hadde det vore mogleg med ein fysisk kopi hadde eg kjøpt to. Så hadde eg låst det eine inn i ein safe (magnetisk lås). Så hadde eg hatt det inni ein annan safe og greven det ned. Så mykje betyr dette spelet for meg.

Tusen, tusen takk for denne reisa.

Karakter : 9 av 10 gnistar!!

D gnistrar skikkeleg av detta spelet!
D gnistrar skikkeleg av detta spelet!

 


Posted

in

by

Comments

7 responses to “Spillanmeldelse – Teslagrad”

  1. Jan Olav Hegvik Avatar

    Ble kjapt et kjøp etter å ha lest denne anmeldelsen :D

  2. Bård Lilleøien Avatar
    Bård Lilleøien

    Spilte tilfeldigvis dette for et par dager siden selv (fordi jeg også ventet på konsoll-versjonen), og helt enig. Et vanvittig nydelig spill.

  3. Trond Sinfour Borgersen Avatar
    Trond Sinfour Borgersen

    Ett spill jeg absolutt kommer til å spille når det gis ut på PS3/PS4. Musikken er også flott, og selveste Kubbi har gjort en remix.

  4. Rainypete Avatar
    Rainypete

    Vi ga ut en fysisk variant, dog ble den bare trykket opp i 250 kopier.
    Etter planen skal vi komme med en ny fysisk utgivelse senere, og da også med konsollversjonene.
    Jeg er redd at den derimot ikke vil bli like fancy som IndieBox sin.
    IndieBox har derimot fablet om en reprint, så det er vel bare å mase på dem ;-)
    https://cdn.shopify.com/s/files/1/0481/4449/products/teslagrad-shoot-02.png?v=1400459285

    1. Buster Jr. Avatar
      Buster Jr.

      Som iherdig Nintendo-mann vil eg då vente i spaning på ein eventuell fysisk WiiU-utgivelse.
      Slike ting ser vakrast ut i hylla!

  5. Rainypete Avatar
    Rainypete

    Det jeg derimot kan hjelpe med er musikken. OSTen er tilgjengelig her: http://www.teslagrad.com

  6. Linn Kathrin Taklo Avatar
    Linn Kathrin Taklo

    Vil berre få takke så utrulig mykje for heise flotte ord om både spelet generelt og musikken spesielt :D Vi i Bear & Cat Music Production (underteikna og Jørn Lavoll, itillegg til Ingeborg Ekeland på fiolin) bukker, neier og danser litt av glede av dei kjekke komplimenta! Det har vore ei stor glede å få være med på å medverke til Teslagrad. Og takker til Peter @Rainypete for link til musikken vår ;) Den finst også på spotify, itunes etc! Helsing the Cat :)

Leave a Reply to Rainypete Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *