Spillanmeldelse – Superman 64

Er det virkelig så ille som alle sier?

Superman_64_cover

Superman 64 til Nintendo 64

Sjanger : «Action/adventure»

Utgitt : 23.juli 1999

Utviklar: Titus

Ca. verdi: Rundt 100 for berre kasett PAL

Innleiing :

Hvilken labyrint?
Hvilken labyrint?

Nintendo64-spel var ikkje kvardagskost. Det var noko du fekk til jul eller liknande høgtider. Far min brukte det som middel for å få meg til å gjere noko iblant. Ein gong skulle eg få eit spel om eg vatna eit tre heile sumaren. Eg trur eg drukna det treet.
Men elles så gjekk spelinga i dei spela eg hadde. Zelda, Mario etc. Iblant fekk eg låne eit spel for ei helg. Det var stas! Ein lokal rev frå nabobygda hadde fått seg Superman 64, og endelig var det min tur! Eg satte av heile helga, no var eg klar.
Eg avslutta helga sveitt, ekkel og følte meg brukt. At nokon kunne gjere noko slikt? For meg var heile greia uhørt. Korleis kunne eit spel vere så urettferdig mot meg? Eg ga spelet tilbake. No, 15 år seinare skal eg få min revansje!

 Historie/Handling :

Lex Luthor har tatt Superman sine beste venar og teke dei til fange. Han har teke dei med seg inn i ei virtuell verden, men som likevel utspelar seg i Metropolis. Eg må igrunn berre nemne at utviklaren Titus verkar som dei ikkje heilt hadde historia klar.
Elles i spelet dukkar andre skurkar opp som til stadigheit skal sprenge noko eller liknande. Vi kan vel trygt seie at historia er som å lage 1000 liter Toro tomatsupe ut av ein pose. I deira forsvar, skal det nemnast at dei kom i mykje trøbbel pga. lisensiering under skapinga av dette spelet. I følgje utviklaren sjølv, måtte halvparten av innhaldet skrotast og konstant ombyggast.

Disse bilene er jo så lette å finne atte........
Disse bilene er jo så lette å finne atte……..

 Gameplay :

Det er her essensen av spelet kjem fram. Det første du gjer er å bli kasta rett uti det. Superman skal flyge gjennom ringar. Etter det får du korte oppdrag som stort sett involverar å løfte ting eller sloss mot slemmingar i super «slow mo» action. Iblant bryt dei det heile opp med større baner der det ikkje finst nokon retningslinjer eller meining. Så skal du flyge gjennom ringar, så skal du løfte ting, så skal du vase forvirra rundt i baner der Superman ikkje kan flyge. Om og om igjen. Du blir veldig fort lei.

Men det er ikkje dette som er styrken til spelet, det er noko heilt anna: Glitch. Heile spelet er berre ein enorm glitch. Ingenting er

Sirkusartisten Clark Kent
Sirkusartisten Clark Kent

meir tilfredstillande når du har kome halvvegs i ei vanskelig bane (fordi kontrollane er håplause), og du endar på utsida av bana. I gjennomspelinga mi skjedde dette minimum 1-3 gongar per bane.
Dette gjer då sjølvsagt at opplevinga varer lengre og at spelet får ei lengre levetid i konsollen. Titus skal ha honnør for denne vrien på den elles polerte spelindustrien.

Om du vil sjå meir, anbefaler eg deg til å sjekke opp spelet på Youtube. Fins mange positive anmeldingar der. Den beste må vere ein liten gut som nesten byrja å grine midtvegs då han flaug gjennom spelet. Den kosa eg meg av i alle fall.

Tips: Bruk for all del ein overhalt N64-kontroll. Eg foretrekker ein N64-kontroll med «Gamecube»-joystick. Desse får du kjøpt på nettet og gjer spelet uhorvelig mykje betre. Kan òg nemnast at du kan gå på options og køyre ned vanskeligheitsgraden til easy, då slepp du flyge gjennom ringane. Men, det vil du vel ikkje?

 

Grafisk fremstilling :

I N64-skala er ikkje dette det aller verste spelet. Problemet er berre at for å spare seg for minne/utvikling er stort sett byar tilslørt i skodde og bretta stort sett veldig mørke. Det er vanskelig å anmelde noko som 90% er tilslørt i tjukk smog.

Gromgrafikken
Gromgrafikken

 

Lyd/Musikk :

Elskar du Superman-melodien? Det gjer eg òg. Ingenting er meir episk enn når John Williams komponerar. Når du høyrer songen får du lyst til å flyge ut i horisonten, stryke skyskraparar og «high five» alle born på gateplan. Den har noko ømt over seg, men likevel episk. Den songen blei vel laga nettopp slik for å framstille at sjølv om Superman er super, så har han også menneskelige trekk. Han elskar oss og vil beskytte oss. Superman-melodien er vel verkeleg ein av dei meir kjente melodiane der ute.

Kjipt for deg, for den får du ikkje. Kva med heller tilfeldig lagervare-musikk? Eg har seriøst sett pornografiske videoar med meir dybde i sin musikk. Det same går for den sjangeren på lydeffektane. I dette spelet har dei ca. 10 lydeffektar: Vindsusing, slag, eksplosjonar (til og med på pappkasser), pipelyd. Beklager, spelet har rundt 4 lydar.

Iblant seier Superman: «We don’t have any time to waste». Tydeligvis hadde han det, sidan han tek seg tida til å flyge gjennom alle ringar han finn.

 Konklusjon :

Cart
Cart

Har du aldri spelt Superman 64, anbefalar eg deg til å faktisk prøve det. Det er definisjonen av korleis du ikkje skal gjere noko.
Det er kjekt å spele slike spel iblant, for då ser du kor utrulig bra andre spel er. Du får òg eit betre perspektiv på livet. Du vil etter å ha spelt det her spelet tenke på kor ufattelig meiningslaus du er og at du ikkje er verdt noko som helst. Du var så dum at du ein gong gjorde Titus rik og eg fekk ein tysker på Ebay til å fnise for seg sjølv.
15 år eldre, og desto meir knekt. Denne gongen kom eg meg til slutten, men ikkje utan varige men. Eg konkluderar difor slik som programmerarane av spelet ville gjort:
”amsmkamskmkmskmRANDOMCRAPdjfndjfndfndnjsndjsnRINGS”

Karakter : 0 av 10 mulige ringer!!

 

 


Posted

in

by

Comments

2 responses to “Spillanmeldelse – Superman 64”

  1. Tor Even Myhre Avatar
    Tor Even Myhre

    Knakande god anmeldelse! Samstundes kan eg nevne kor kjekt det er å sjå nynorsk her på sida!

    1. Buster Jr. Avatar
      Buster Jr.

      Nokon må halde det ekte!

      Trur nok Superman 64 kjem til å gå bakerst i hylla desverre. ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *